Søyådalen rundt

Då sommarferien gjekk mot slutten oppdaga eg til min store skrekk at magen var vorten større. Noko, som passa svært dårleg sidan Bærumsbrede just hadde bydd opp til dans på jotnanes steindekte golv. For å varma opp til dansen spurde eg om ein oppvarmingsrunde i trollas steinete heim.

Bæreumsbrede er glad i lange gåturar og han hadde lese om folk, som hadde gått Trollhøttatraversen etterfulgt av Pekkhøtta. For å slå desse turan foreslo han at me også tok turen innom Blånebba. Eg likte forslaget, men eg tenkte at då me fyrst var i gong kunne me like godt feia over heile dalen. Me andre ord så foreslo eg at me tok turen innom Ørnhammaren, Brokkelnebba, Moslættknubben, Snøfjellet, Seterknubben, Indre Fauskånebba og Fauskånebba. Tilsamans planla me å besøkja 9 fjell pluss dei tri toppane på Trollhøtta, noko som gav oss ein 12 fjellstur. Eller som Bærumsbrede påpeika seinare, ein 13 fjellstur sidan Trollhøtta har fire toppar.

Turen vart omstendeleg logga både med pulsklokke og turgps. Sjølv om eg ikkje fekk skrudd på turgpsen før me hadde gått 200 metar så bør ein kunna forstå seg på loggen. For stravafantastane så finst det ei lenke til stravaktiviteten nedst på sida.

Total distance: 27426 m
Total climbing: 3084 m
Total descent: -3103 m
Total time: 09:25:01
Download file: Track_2020-08-04 194439.gpx

Opp til Ørnhammaren gjekk det ingen opplagt sti så me fortsatte innover grusvegen frå parkeringsplassen til skogen vart litt opnare etter å ha kryssa Utgardsbekken. Her i frå så var det berre å kava seg opp i gjennom skogen til me kom opp av skoggrensa. Etter dei siste klyva opp til toppen fekk me eit fint utsyn utover store delar av resten av løypa. Ned frå Ørnhammaren gjekk det stort sett greitt. Det einaste hinderet var litt sikksakkgåing ned ei rampe mellom nokre sva, som bøy opp til fin rissklatring. Dessverre hadde me ikkje med utstyr til å testa rissklatringa på ein sikker måte så me nøgde oss med å gå rampa.

Sikksakkrampa ned frå Ørnhammaren.

Vidare til Brokkelnebba og Moslættknuten gjekk det veldig fint. Klyvinga ned var derimot ein av dagens mest utfordrande, utan at det seier så mykje. Opp til Snøfjellet var veldig enkelt etterfulgt av ein fin bakke for roleg jogg nedover. For å koma heilt ned frå Snøfjellet måtte eit par enkle klyv til og likedan for å koma seg inn i bakken opp mot Seterknubben.

Klyveparti ned frå Moslættknuten

Frå Seterknubben openberer traversen vidare seg. Den ser like lite fryktingytande ut, som han faktisk er, men det er bratt nok til at ein del vil føla på høgda. For dei modige kjem det etterkvart eit lite bulder midt på traversen, som enkelt kan omgås til høgre. På grunn av store snømengdar på vintaren og ein kald vår bydde traversen også på morosam snøspringing. Til å byrja med var eg ganske skeptisk sidan eit fall ville gje ein utriveleg rutsjetur ned i bratte sva eller steinrøys. Bærumsbrede var derimot frå seg av glede og viste meg ufeilbarleg teknikk med ein fot på kvar side av eggen. Dette var meir enn nok til å få fart på meg også og snart sprang me begge ned med ein fot på kvar side av den snødekte eggen.

Opp til Pekkhøtta var det litt brattare og meir steinete enn kva me opplevede på dei andre fjella. Lite visste me at dette var ingenting mot den bratte og lause steinura, som venta oss ned frå Pekkhøtta. Me valde å gå for den ryggen av Pekkhøtta, som vende rett mot Blånebba, men då me stod midt i det vurderte me om det var rette valet. Etter ein kort diskusjon kom me fram til at det var einaste valet, som gav meining med tanke på kor me skulle vidare.

Pekkhøtta overraska oss også med å vera nokre metar høgare enn det kartet tilsa på grunn av ei stor snøfonn. Det var ikkje nok til å vera ein 1400metarstopp, men i fylgje GPSen var toppen to metar høgare enn dei 1396 den skal måla. Ein skulle nok ikkje ha vore på toppen mange veker før for å nå 1400 metars høgd.

Pekkhøtta med den kvite toppfonna

Opp til Blånebba var det teknisk veldig enkelt, men no byrja beina å klaga litt. I tillegg så kom skodda sigande inn dalen og tok etterkvart frå oss utsikten. På toppen var me verkeleg inne i skoddehavet, men på veg ned starta det å letta på asustida av ryggen. Dette gav ein vakkar trolsk stemning med den vestre sida av ryggen i skodda og fin utsikt mot aust.

For å koma oss til Indre Fauskånebba fulgte med stien frå Blånebba til skaret mellom Blånebba og Indre Fauskånebba. Der i frå var det lett opp for å nå toppen. Etter toppen fulgte me ein brei og fin rygg før me starta turen nedover. Nedstigninga vart avbroten av litt klyving ned nokre skrentar før, me gjekk over i lett jogg. For å nytta helninga som Bærumsbrede kalla det.

Vidare til Fauskånebba var det veldig enkelt. Nedover var me litt i tvil, men planen var å sikta mot ein skogsveg me hadde sett frå andre sida av dalen. For å nå denne var planen å fylgja ryggen ned frå Fauskånebba, som sett frå andre sida av dalen. Dette var lettare sagt enn gjort. Me hadde ikkje tatt høgde for at me skulle finna store snøfelt som lot oss ta mange hundre høgdemetar i eit stort jafs. Einaste ulempen var at snøfelta førte oss ut av kurs. Etter å ha travesert tilbake i retninga me trudde me skulle vart me plutseleg møtt av ein bratt dalside med fleire skrentar. Bærumsbrede meinte stien var litt opp på andre sida av dalen og at me kunne halda høgda rundt. Heldigvis vart me samde om å kava oss ned mellom skrentane for å fylgja dalen mot Søyådalen. Til alt hell fann me ein smal sti her, som leida oss rett til skogsvegen. Der i frå var det lett jogging ned til bilen.

Nede ved bilen var med begge samde om at det hadde vore ein fin tur. Me levde også godt i trua om at me var noke av dei fyrste til å ha gått turen. Juan av Patagonia, satte derimot ein stoppar for dette håpet ved å påpeika at han hadde sprunget bortimot same turen året før. Heldigivs hadde han sprunget ein bitte litt kortare variant og ikkje så mykje raskare.

Det vart ikkje nokon 7 fjellstur slik som dei kule stadene har, men eg håper at folk let seg inspirera til å prøva denne fine 13 fjellsturen.